Stuhaug Turisme og gardsmuseum

Eldhuset.

Eldhus

Eldhuset er bygd av ei 1700-tals husmannsstove frå Sørhus i Vats. Den vart reist på Krokane i 1998. Rognald stod sjølv for muring av grua som er det viktigaste inventaret i eit eldhus. Eldhusa vart brukte til baking, klesvask, ysting og, dersom det var romsleg, til dei viktigaste måltida om sommaren. Det vert også i dag brukt til litt baking og ysting, i tillegg til at det fungerte som serveringshus for forsamlingar på 10 - 12 personar før langhuset kom. Eldhuset inneheld ting som høyrer til i det miljøet m.a. takker, kjevler, fyrgryte/m ystegryte, klaffebord og bakebord.


Kontaktinformasjon: Stuhaug Turisme - 5585 Sandeid - Tlf. 52761139