Stuhaug Turisme og gardsmuseum

Langhuset.

Langhus

Langhuset er bygd opp år 2000 av to gamle tømmerstover der ein tok det beste frå kvart av dei. Eit frå Tesdal i Etne (bygd på 1860-talet) og eit frå Berge i Etne (bygd i 1846). Det fungerer som serveringshus for forsamlingar på inntil 30 - 40 personar, men har ved eit spesielt høve vore dekka til 70. Det inneheld to klaffebord og to kraftige langbord i lerk skorne ut i eitt stykke av eit tuntre frå Vormestrand. (Treet hadde ein diameter på 1.20 m ved rota). Huset kan bestillast til selskap og møte og har tilrettelagt for servering (maten må bringast men kan varmast i langhuset). Det vert brukt til enkel servering av lefse og kaffi til grupper som vitjar museet. Elles inneheld langhuset mange smågjenstandar, 4 hjørneskap og ei grue murt opp av Rognald Stuhaug. På takbjelkane har Unni Marie Lien frå Ølen måla ryfylkeroser og ordtak. Det er også ho som har måla alle skilt i museet.


Kontaktinformasjon: Stuhaug Turisme - 5585 Sandeid - Tlf. 52761139