Stuhaug Turisme og gardsmuseum

Stabburet.

Stabbur

Stabburet er frå tidleg 1600-tal og kjem frå Eikeland i Vikedal. Det er det eldste trehuset på Haugalandet. Det er bygd i telemarksstil, noko som kan komme av innvandring til Vestlandet frå innlandet på dei tider. Ein del andre stabbur hadde to høgder og vart brukt til mat nede og sengklede, skinn o.l. oppe. Dette har derimot berre eit nivå og vart difor truleg brukt hovudsakleg til mat. Det vart flytta til Krokane og restaurert i 1996. Stabburet vert no brukt til utstilling av ting som høyrer heime der bl.a. saltebalje, kinne, keramikkrukker og trebuttar til mjøl og mjølk. Der heng og litt kjøt til oppbevaring som demonstrasjon.


Kontaktinformasjon: Stuhaug Turisme - 5585 Sandeid - Tlf. 52761139