Ilsnes  

Rom: 3x soverom, kjøkken, stove, bad og toalett, gong, 2x hems, naust i kjellaren.
Senger: 2x dobbeltseng, 1x barneseng, 4x enkeltseng (køysenger), 6x madrasser på hemsar.
Utstyr:
TV m/ 50 tyske kanalar, komfyr m/steikeomn, oppvaskmaskin,  kjøleskåp, fryseboks, vaskemaskin,  dusj, peis.
3 robåtar (moglegheiter for leige av 1-2 motorar etter ynskje)
 

Dersom du vil ha ein roleg ferie med fisking, bading og elles berre avslapping på hytta er dette staden for deg.

Ligg for seg sjølv
Det er ikkje andre hytter eller bustadhus i nærleiken, og hovudvegen ligg langt nok frå hytta til at den ikkje vert eit forstyrrande moment. Det hender det kjem folk for å bade eller fiske på neset dersom veret er høveleg, men badevika og dei vanlegaste fiskeplassane ligg slik til at andre besøkande ikkje treng å nærme seg hytta for å komme dit.

Skjerma for ver og vind
Hytta har gode moglegheiter for å kose seg både ute på den store brygga og inne i den romslege stova med panoramautsikt over Ilsvåg. Hytta ligg i ei lita vik der vind og bølgjer stryk fint forbi, dermed kan det vere fint og roleg  ved hytta sjølv om det bles godt inn frå fjorden, dette gjer og at ein ikkje treng å dra båtane inn i naustet kvar natt i tilfelle vind og bølgjer.

Påbygging i 2003

Hytta vart i 2003 påbygd med eit nytt soverom + hems samt at inngangspartiet har fått ei solid ansiktslyfting. Hytta har vorte mykje finare etter dette og det er no og moglegheiter for å sitje på oppsida av hytta der det er sol om morgonen. Kjøkkenet vart fornya i 2005.

Som de ser i oversikten har hytta få norske kanalar og mange tyske, det har si enkle grunngjeving i at det stort sett er tyskarar som leiger hytta.