- Turisme

- Stuhaug
turisme vert driven av Rognald og Greta Stuhaug
og er eit gardsmuseum med gamle bruksgjenstandar og antikvitetar frå
tidleg 1600 og fram til om lag siste verdskrigen. Samlinga tel nærare 4000 gjenstandar
frå Haugalandet og er i stadig vekst.
-
Utleige
- I tillegg til
museet har Stuhaug Turisme to leilegheiter og ei hytte til utleige. Leilegheitene ligg på
museumsområdet medan hytta ligg ved sjøen ca. 10 km frå musèet. Me har og ein støl på fjellet
om lag 4 km frå musèet. Her er
moglegheiter for flotte turopplevingar og overnatting på godt
gammalt vis utan straum og innlagd vatn for dei som ynskjer det.
For nærare info; les på dei respektive sidene.
-
-
Lokalisering
- Museet ligg i
Sandeid, Vindafjord kommune ca. 5 mil
nordaust for Haugesund.
Tunet ligg
idyllisk til på motsett side av
dalen i
høve til riksveg 514 midt mellom
Sandeid og Ølen. Det står skilt ved vegen i turistsesongen og det er
mogeleg å ta ein tur innom utan avtale, men me set stor pris på om
de tek kontakt først pga. at museet ikkje har faste opningstider og
dermed berre er ope når vertskapet er heime.
Olavsrosa
Stuhaug turisme ved Greta og Rognald Stuhaug fekk 19.09.07
tildelt
Olavsrosa
for deira formidling av husmannstradisjonar gjennom restaurerete
bygningar og gamle bruksting. Olavsrosa er Norsk Kulturarvs
kvalitetsmerke, og heidersteiknet vart delt ut av styreleiar Inger
Lise Skarstein i Norsk kulturarv. Stuhaug er den fjerde verksemda i
Rogaland som har fått denne utmerkinga.
Andre
utmerkingar:
Kulturpris frå Vindafjord kommune - 1996
Reiselivspris frå Vindafjord kommune - 1996
Byggeskikkpris frå Vindafjord kommune - 2004.
- NRK
Rogaland på besøk
- For nokre
år tilbake
vart det på NRK Rogaland sendt ein reportasje frå museet. Denne
varer i ca 3 min. Fila er av eldre dato og dermed ikkje av beste
kvalitet, men likevel informativ og verd å ta ein kikk på.
-
NRK
innslag
3483 kb
Kontakt oss
Ta gjerne
kontakt via telefon eller post dersom de har spørsmål eller
planlegg eit besøk!
Tlf: 52 76 11 39/958
28 558
Adr: Stuhaug Turisme
5585
Sandeid
|