Stuhaug Villmark

Frå museumsområdet går det ein tursti opp til Sønnanåstølen som ligg ca 4 km innpå fjellet. Det er ein flott tur både som dagstur og med overnatting på Stølen. Det er plass til parkering ved museet. Turen opp tek ca ein time, turen ned går litt fortare. Det er skogsveg heile vegen. Ein går stort sett gjennom skog, men det opnar seg titt og ofte opp så ein får flott utsikt. Sjølvsagt er det mogeleg å legge turen utanom vegen og opp på snaufjellet. Dette er absolutt å anbefale for dei som likar litt lengre turar med flott utsikt og flotte naturopplevingar. Det er gode moglegheiter for å sjå både hjort, rev, hare og rype dersom ein går stille. Det ligg og fleire små vatn på flata på toppen og her er det gode moglegheiter for å fiske dersom ein har interesse for det. Turløypa er skilta slik at det ikkje er noko problem å finne fram. Dersom de vil innover på fjellet er berre å spørje så kan me gi tips om kor det er best å gå. Turstien går vidare ned til Aurdal på andre sida. Denne løypa vert ofte brukt av skular som då vert frakta med buss til Aurdal og plukka opp igjen på Stuhaug sida. 
Stuhaug - Stølen = ca 4km
Stuhaug - Aurdal = ca 8km

Meir info om stølen finn du her.