tirsdag, april 17, 2007

Oppsumeringinnlegg:P

Ja ja ja! nå trur eg jammen de er på tide med et nytt blog innlegg!
Har seg sånn at mobilen min er inne te reparasjon for tidå.... Klarte å knusa skjermen på an så sendte an inn ei stond før påske.. Ja eg vett at siste innlegg før de va ganske lenge før påske:P men eg glømte de litt ut ei stond kan du sei:). Men her komme de jaffal et innlegg då!

Vinterøvelsen!
Ja nå er de faktisk øve ein måne si vinterøvelsen då:P va vel sånn ca rett før den eg la inn sist innlegg trur eg? sitte faktisk på rommet og skrive innlegget i word pad nå så dermed kan eg kje sjekka ka som va sist innlegg.. men uansett; Vinterøvelsen foregjekk nere mot Røros. I ein dal med et svært vatn som itte ka eg fekk med meg va oppdemmt eller noke sånt. Jaffal va de noke vannkraftverk sak der for de va de me sko beskytta i siste del av øvelsen:) Me kjørte ca to timar i buss frå leiren på mandag mårån, va framme te å starta marsjing ca i 10-11 tiå. Så gjekk me ca 6-7 km på elendige natoplank som faktisk va så dårlige at me blei forbigått av ca alle di andre troppane som då gjekk på truger...... ikkje akkuratt kulaste skitiuren ever.. Va skikkelig lei og sur ei stond.. men så hadde me ein liten pause sånn ca itte 5km og så sat eg der på sekken og bare stirra i bakken og va skikkelig lei. Så kom ein av befalå og spurte i sånn skikkelig "hu hei kor de går" stemning om de gjekk bra! og då løsna de liksom litt! så då konne eg faktisk heilt ærlig svara at de gjekk ganske så greit! og så fekk eg meg ein spekepølse bete og så va humøret på topp igjen! faktisk va siste beten av turen ganske kjekk! Gjekk skikkelig på trynet ein gong og der... men si humøret hadde fått ein sånn dop injeksjon va de helst bare morsomt! føyk framøve i ein bakke og fekk ag3'en i pannen, si den hang foran, og ludvig sekken opp på bakhåve. Blei liggane fast i snøen med sekken øve håve sånn at eg ikkje kom meg laus sjøl:P måtte komma ein og løfta vekk sekken for at eg sko klara å løfta meg opp i de heila tatt:P men de va helst bare løye:) fekk meg ein god kul i pannen og av AG'en:P ja ja... Så sette me opp ein sinnsjukt bra biuvakk! Dei andre va ferdige når me hadde gravd klart platået sånn ca:P men så blei vår vanvittig bra då! hadde villt med plass inni og skikkelig kuldegrop og bare luksus:) så de va kult! Der sov me to netter med litt leksjonar og sånt på dagane. dvs fram te onsdag.
Då pakka me samen litt utpå dagen og la i marsj litt utpå kvelden. Poenget va at me sko ha marsj i mørket og setta opp biuvakk i mørket. Nå starta me og med fiendar og sånt så då blei de viktig med lyd og lysdisiplin. eg klarte faktisk å hålla humøret mitt oppe heile denna marsjen og! hadde med meg masse nøtter som eg gomla på så eg va rimelig langt oppe heile turen:) de som bare va litt drit va at di fleste andre va temmlig leie og sure.... så biuvakken denna nattå blei rimelig elendig... kombinasjonen av dårlig humør, mørke og hastverk for å få seg mat og få ut OP gjor at biuvakken blei sånn temmelig halveis... såvidt an va de ein gong... ca 30%:/ hehe! men me kom oss gjennom den nattå og:)
Neste dag sko me ha den lengste marsjen på øvelsen. Sko gå ca ei mil. Ikkje så sinnsjukt langt egentlig så de va kje akkuratt noke problem. Men eg blei plassert som hjelpedrag på pulken siste beten! og der va de sjølsagt slak oppøvebakke te der me sko ha leir! og eg som ikkje KAN gå på ski hadde jo nok problemer med å få meg sjøl og ludvigen min oppøve der!!! så eg blei døds sliten og døds lei og va rimelig deppa og lei når me sko bygga leir itte framkomst.... men me fekk nå opp leiren likavel:) så va de ut på OP og sånt då:) Litt utøve kvelden bjynnte de å blesa opp ein del. Me hadde leir øve tregrenså noken hundre meter øve der innsats og alle dei andre hadde leir. Sånn i 11 tiå va de så tett snødrev at man knapt klarte å observera noke nerøve mot leirane. Når klokkå nerma seg halv ett fekk me ordre om å evakuera inn i biuvakken og fekk forbud mot å gå ut. Va så tett snøstorm at me ikkje konne sjå stort lenger enn 3-4 meter foran oss! så då avbraut me oppdraget vårt av sikkerhetsmessige årsaker... Heldigvis klarna de fort opp litt utpå mårenkvisten så i 5 tiå va me i gang med å riva leir og gjera klart te heimreis. Pakka opp på pulk og sekker og la i vei ca 4-5 km te der me sko bli henta av bussar. Så va de heim te leiren:)
Tebake i leir va de då te å pakka ut og henga te tørk de som va vått, renska primusar og aent felles materiell og rydda opp litt grovt. Fekk endelig fri i 6 tiå ca ca. I og med at In Flames spelte i Trondheim då måtte eg sjølsagt ta turen derte:P

In Flames!!
Eg tok toget inn te Trondheim og blei henta av onkelen min på stasjonen. På veien opp te dei kjørte me bortom samfundet sånn at eg sko finna veien tebake ittepå:) ein fordel kanskje:P va bare ca 20 minutt å gå så de passa i grunnen veldig godt:) Søskenbarnet mitt lurte og på om han sko på konserten men de va utsolgt og di hadde ikkje fått noken tebakeleverte billettar når me snakka med di så dermed gjekk eg aleina. Men de gjekk nå greit. Traff noken frå leiren der og elles klare eg meg jo ganske så godt på egenhånd og så:P Va konge konsert då!! Tok skikkelig av! Såg di jo i høst og i Oslo på The Unholy Alliance, va konge der og men va endå bedre her! Publikum tok skikkelig av! masse moshing og masse liv! Eg merka at eg blei ganske fort sliten då... ikkje så merkelig kanskje i og med at eg kom rett frå vinterøvelse og hadde sove 3 timar tesamen dei siste to nettene:P men de gjor kje så masse:) Fekk advarsel frå eine vakten om at viss eg ikkje roa meg ner blei eg kasta ut:P va kje bare meg han advarte då, va ein heil gjeng... men de vise jo at ting tar skikkelig av!! Jadda så de va konge:)
Blei sjå slektå den helgå då. Drog tebake te leiren på søndag ittemiddag/kveld.

Skytekurs med militærlandslaget i skyting!!
Dei siste tri dagane før påske hadde me i DFS gjengen kurs i skytestillingar. Føst va eg ganske sur på de for de kræsja med skytevekå te troppen, men kurset viste seg å vara heilt konge! Me va 7 mann og me skaut ca 5-600 skudd kvar dei tri dagane! Låg på HVUV sin svære elektroniske skytebane noken kilometer frå leiren og skaut og skaut! Fekk føst litt innstruksjon og så la me oss ner og skaut serie på serie sånn me snjøl ville mens folkå frå militærlandlaget gjekk bak og instruerte kvar enkelt og me konne spørra om ting og få tilbakemeldingar og kommentarar på stillingane våre. Va veldig lærerikt! Justerte ein del på ståande og kneståande og forbedra skytingå masse på begge deler! justerte litt på liggande og men ikkje særlig masse. Er ikkje så månge alternativer på liggande stilling så dermed blir de litt lettare... Klarte faktisk å skyta ein 50 seire på kne!! Eg huske kje heilt koss eg skaut som junior i og med at de er et par år si nå, men eg har aldri skutt 50 på kne før de er eg ganske sikker på!! Så de va kult:) På ståande og klarte eg fint å samla innforbi 7 og hadde og anntydning te samling faktisk itte kvart:P Så de va lærerikt og kult:) Han eine instruktøren va verdensmester og norgesmester og sånt fleire gonger! ganske kult! Han trenaren for laget som og va med som instruktør meinte han va verdens beste kneskyttar spesiellt! Så då va de jo kje så merkelig at hans kommentarar og instruksjonar forbedra kneskytingå mi:P Trur aldri eg har forbedra skytingå mi så masse på så kort tid noken gong før! og eg komme neppe te å gjer de igjen noken gong heller:P Så kurset va konge med andre ord:)

Påsken
Påsken va de jo perm sjølsagt:) va deilig å komma him såpass lenge! va jo heima nesten ei og ein halv veka! Gjor kje noke spesiellt den vekå egentlig... Slappa masse av og va masse med ibbe:) Va med Øystein og ein gjeng og spelte paintball eine dagen då! de va kult:) va kje heilt ferdig bane fekk eg inntrykk av, men potensialet låg der! og når me itte kvart lerte oss te koss me sko bruka an så funka de ganske bra. Kult va de jaffal!
Sjølsagt spelte me Rollespel ein dag og:P de må jo te når me har perm! og påsken så har jo alle fri og så då va de jo obligatorisk omtrent:P blei bare ein kveld me spelte i praksis då.. men de va kult! og me klarte å levla faktisk! he he! men då hadde me litt xp å gå på frå sist gong då:) Kay konne kje var med då så me mangla ein mann... men de gjekk nå greit de... gjor jo at me blei ennå fortare ferdige! Så slapp de å bli så seint på nattå:P
Elles va eg helst heima... hadde tenkt meg te aksdal på søndagen, men så blei de litt sein middag med familien på Ilsnes og sånt så blei de teslutt te at eg holdt meg hima... va kje heilt i humør te å stressa meg ut av huset... så sånn va de... litt drit men...
Med andre ord ein rolig og god påske uten dei heilt store sprellå:P Masse avslapping og opplaging te vidare tjeneste!:)


Innlegget skreiv eg som sagt på rommet i wordpad uten tilgang te nettet, og så blei eg egentlig avbrutt før eg va ferdig, men nå har eg kje tid te å skriva noke meir så eg får bare posta de:) dåkke får nå litt å lesa på likavel!

5 Comments:

Anonymous Anonym said...

ehhhh, du ska ikje skriva litt snart elle? e liksom ganske lenge si du har skreve... :P

elske deg!

26 august, 2007 18:41  
Anonymous Anonym said...

mohaha, eg e anonym så ingen vett kem eg e :P

26 august, 2007 18:42  
Blogger Skjevå said...

Ja, for det var jo så vanskeleg å skjønna kven det var...

04 september, 2007 08:27  
Anonymous Anonym said...

ja for tenk :p

08 september, 2007 12:54  
Anonymous Anonym said...

Takk for en interessant blogg

27 desember, 2009 12:28  

Legg inn en kommentar

<< Home